Soltrykkgalleri på Soltun
I påsken tok eldstejenta initiativ til å rydda ut faren sine man cave-saker frå ei utvendig bod – ho hadde fått ein idé: Her skulle det bli neglesalong! Velkommen til kombibygget 😅
I påsken tok eldstejenta initiativ til å rydda ut faren sine man cave-saker frå ei utvendig bod – ho hadde fått ein idé: Her skulle det bli neglesalong! Velkommen til kombibygget 😅
Eit like hakk utanfor komfortsona, men også litt stas. Før påske var ein journalist frå Vestavind innom meg for å læra meir om soltrykk. Saka var på trykk i påskeavisa, som du kan lesa her om du vil, og har abonnement. Tusen takk for besøket 😁
Søndag 1. desember finn du meg på julemarknad på Lid grendahus. Eg har med meg eit knippe innramma soltrykk for salg, og nokre mindre med noko ukurante mål utan ramme 😄 Her er det ingen kjøpepress, kom innom og sjå 🤩
Takk for den gode responsen, kjekt at bildene falt i smak 😄
Soltrykk er ein analog fototeknikk som bruker lyset frå sola til å skapa bilder. I prosessen blir eit lysfølsomt stoff ført på eit underlag, ofte papir, og blir deretter eksponert for sollys. Resultatet blir karakteristiske blå bilder med spennande detaljar. I ei avgrensa tid kan du oppleva 12 slike motiv på Sveio folkebibliotek i Vigdartun (nb – avslutta).
Bjørnekjeks
Blåklokker
Hundekjeks
Hardangersaum