Motiva frå Soltrykkeriet er laga for hand med hjelp av jernsalter, sollys og vatn. Teknikken er forløparen til fotografiet me kjenner i dag, også kjend som blåkopi. Eg starta med soltrykk i 2022, etter at eg var involert i utforminga av katalogen for utstillinga Som under, så over for Haugesund billedgalleri. Ein av kunstnarane benytta seg av nettopp denne teknikken, som fram til då var heilt ukjent for meg. Eg hadde eit lite fortrinn i forståinga av det rare namnet, då Cyan er ein av dei fire trykkfargane i CMYK. I tillegg så er blå «min» farge, så dette blei undersøkt nærmare. Jernsalter blei ganske raskt bestilt frå England, sidan den tid har det blitt mykje eksperimentering.
Til dagleg jobbar eg med grafisk design på H.B.O Grafisk i Haugesund. På eit offset-trykkeri med spesialproduksjon blir det naturleg nok blir det svinn med råvarene, slik som kapp og ark som blir brukt til å stilla inn maskinar. Dumpster-diving* har blitt ein del av kvardagen, og eg er stadig på jakt etter nye skattar som kan få nytt liv i soltrykkeriet.
*framandord for ho som rotar i papirkonteinarane
For å laga eit soltrykk må ein gjennom mange små etappar, som å finna planter eller andre ting som kan trykkast, klargjera ark, eksponera, skylla og tørka. Til nå er det plantetrykk eg har gjort mest av, litt håndarbeid, for tida er det grafiske trykk som gjeld.